Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Velg i 9000 titlar på bibliotekfilialen i Todalen

Jon Olav Ørsal Måndag 26. september 2016

Karen Johanne er forlengst i gang i gjen etter sommarferien.  Bibliotekfilialen i Todalen er open kvar måndagskveld frå 18.00 – 20.00.  Da vi stakk innom bibliotekfilialøen i kveld var Karen Johanne i full aktivitet med å sortere ut gamle bøker for å få på plass nye aktuelle titlar i hyllene.  Med 3 timar kvar veke til rådigheit tek nok dette arbeidet litt tid, men alle bøkene skal få sin plass etter kvart, seier ho.

Rundt 9.000 titlar har ho i hyllene på biblioteket i Todalen. Fleirtalet – rundt 5.000 – er barnebøker av alle slag, medan resten er både faglitteratur, skjønnlitteratur og mykje anna. Visste du forresten at biblioteket har både lydbøker, CD-musikk, DVD-videoar og PC-spel til utlån.

I biblioteket kan du også studere halsasamlinga som er utstillt der. Foto: Jon Olav Ørsal

Dersom det er bøker du ønskjer å låne som ho ikkje har på filialen i Todalen, så ordnar ho med lån frå hovudbiblioteket i Surnadal eller frå Deichmanske bibliotek eller fjernlån frå andre norske bibliotek. Stikk innom – Karen Johanne er på bibliotekfilialen i skulen kvar måndagskveld mellom kl 18 og 20!

Publisert: 26. september 2016, 18:53