Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Velfortjent Kleivapris til Fredrik Sjøflot

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. mai 2015

Sjølv om kanskje Arve Tellefsen og Isa Katharina Gericke var dei mest prominente gjestane på årets Kleivakveld, så var det mesta rørande når Fredrik Sjøflot (87), som er musikkens «Grand Old Man» i Surnadal, fekk Kleivaprisen. Og det var jammen velfortjent, for Fredrik har hatt ein finger med i spelet i alt som har dreid seg om musikk i Surnadal gjennom «alle tider». I snart 70 år har han vore korpsmusiker – det er ein rekord som blir vanskeleg å slå.

DSC_8351

Fredrik Sjøflott fikk årets Kleivapris. Per Olaf Lundteigen delte ut prisen. Foto: Jon Olav Ørsal

Og det var ingen ringare enn Per Olaf Lundteigen som delte ut Kleivaprisen til Fredrik Sjøflot, og han overrumpla nok Fredrik som nok vart litt brydd av styret med prisutdelinga. Elles var nok Kleivakvelden underhaldmning av ypperte klasse – frå «Fjord og fjell» inntok podiet og heilt til Henning Sommero, John Pål Inderberg og Arve Tellefsen runda av Kleivakvleden med «Vårsøg». På programmet elles var diktlesing med Svein Sæter saman med skuleelevar, Isa Katharina Gericke saman med Trygve Brøske og John Pål Inderberg, utdeling av stipende frå Kleivafondet, utdeling av målprisen frå Surnadal heimbygdlag og sjølvsagt var det Arve Tellefsen, saman med Henning og John Pål som var høgdepunktet reint musikalsk.

Nedafor har vi bildeglimt frå årets Kleivakveld     Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 30. mai 2015, 21:33