Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vel møtt til nytt bibliotekår!

Dordi Jorunn Halle Sundag 6. januar 2019

Bibliotekar Karen Johanne Talgø melder at første kveld med ope bibliotek i 2019 er måndag 7. januar. Opningstida er som vanleg, altså frå kl. 18.00 til 20.00.

Biblioteket vi halde ope kvar måndag når det er skule. Det blir altså stengt måndag 25. februar da det er vinterferie.

Biblioteket har eit riktig godt utval av bøker, både for unge, vaksne og eldre. I tillegg skaffar Karen Johanne bøker både frå biblioteket i Surnadal og frå Fylkesbiblioteket i Ålesund.

Vel møtt til boklån i Todalen skule!

 

Publisert: 6. januar 2019, 14:18