Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vegen til Todalen er open!

Vegen til Todalen er open!

Jon Olav Ørsal Fredag 6. september 2013

Opninga av riksveg 671 vart opna etter plana idag. Faktisk skjedde det så snart vegen var klar i 13.30-tida, og dei første bilane var alt passert da Todalen.no’s kom dit. No blir vegen open gjennom heile helga, til måndag morgon i 8-tida og skulebussane har passert.

Oppryddinga har den siste tida gått fort unna, og derfor vart opninga flytta fram frå måndag ettermiddag til i dag. Dermed kunne BF Førdefjord ta siste turen frå Todalen kl 13.45 og hurtigbåten Tollesund tek siste turen frå Todalen kl 17.  Etter klokka 17 i dag må todalingane bruke FV671 til all trafikk inn- og ut av bygda.

I neste veke fortsett arbeidet med opprydding og sikring. Da vil vegen blir stengt igjen, men da vil det bli open i periodar, slik som vist i tabellen nedafor:

Vegen er open alle kvardagar frå 20:00 til 08:00. I tillegg er han open:
Måndag: 1100-1130 og 1500-1700
Tysdag: 1100-1130 og 1500-1700
Onsdag: 1100-1130 og 1400-1700
Torsdag: 1100-1130 og 1500-1700
Fredag: 1100-1130 og 1400-1700

Publisert: 6. september 2013, 15:29