Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vegen i Falla er fortsatt stengt

Vegen i Falla er fortsatt stengt

Jon Olav Ørsal Fredag 30. mars 2012

Dalavegen er stengt i Falla i Brusetmarka, der det er gått eit ras torsdag kveld. Gammelvegen, som er privat veg, er også vurdert som rasfarleg område, og vegen der er også stengt for trafikk. Surnadal kommune skal i dag vurdere kva som skal gjerast for å sikre atkomsten til Kårvatn og til oppsittarane ovafor Falla. Vegstenginga skaper problem for Kårvatn Fjellutstyr og deira verksemd som i dag har 3-4 arbeidsplassar på «butikken på låven». 

På vegen opp Falla raser det forsatt  ut masse og raskanten kjem stadig lenger inn på vegbanen. Både Todalen.no og oppsittarane ventar på nærare informasjon frå Surnadal kommune om kva som skjer vidare.  Vi kjem att med meir informasjon etter kvart.

Publisert: 30. mars 2012, 08:01