Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vegarbeid i Falla: Den første salva har gått

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. november 2017

Vegarbeidet i Falla er for lengst kome i gang. Mykje av den første veka har gått med til rigging og førebuing, men no har den første salva gått. Det er laga ein eigen omkjøringsveg over Tjønnmyra, så trafikken går sin gang til bebuarane i Markagardan og til Kårvatn.

Medan vegarbeidet pågår ved Kufalla, er det laga omkjøringsveg over Tjønnmyra for trafikken oppover til Kårvatn. Foto. Jon Olav Ørsal

Det er Vatn maskinstasjon som har dette prosjektet, der vegen forbi Kufallet skal utvides og sikrast etter at noko av vegbanen rasa ut sist vinter. Etter ein runde med finansiering og planlegging er arbeidet no kome i gang.

Det er rekna med at arbeidet kjem til å ta 5 veker, og dermed vil nok «nyvegen» bli opna i god tid før jul, dersom alt går etter plana. I mellomtida må all trafikk gå om omkjøringsvegen som altså går over Tjønnmyra, der Todalen idrettslag har nytt lysløypeanlegg. 

Forbi Kufalla er det skilta omkjøring via Tjønnmyra. Om 5 veker skal nyvegen være klar for å sette på trafikken igjen. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 8. november 2017, 23:24