Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vått og vindfullt

Vått og vindfullt

Elinor Bolme Tysdag 22. mars 2011

Siste døgnet har det vore rimeleg mykje nedbør og stor hastigheit på vindmålarane omkring. Dette har resultert i oversvømmelsar og trefall.

I morgontimane var det blandt anna mykje å sjå på tur opp til Kårvatn. Frå Falla og oppover hadde ein bekk teke nytt far då stikkrenna ikkje makta og ta unna alt vatnet. Det vart difor til at vatnet for ved sida av vegen på øversida i staden. Hos Svein Talgø var verkstaden full med vatn, og han hadde pumpa vatn heile natta, kunne han fortelja. Ellers er vegstandarden no i nokre parti direkte ubrukbar etter vassmengdene som har vaska bort grusen slik at pukken er kome opp i dagen. Så her må nok ein del renovering til.

Den komande veka er det dårlige vêrutsikter. Yr.no melder om nedbør i form av regn eller snø heile den komande veka. Sjå langtidsvarselet på yr.no her.

Under ser de eit biletgalleri frå siste døgns verbruk.   Foto: Elinor Bolme og Jon Olav Ørsal

Publisert: 22. mars 2011, 18:17