Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vassanlegg på dugnad (med bildegalleri)

Vassanlegg på dugnad (med bildegalleri)

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. mai 2012

Ved Lauvåa på Husby bygges det nytt anlegg for vassforsyning til dei rundt 50 abonnentane fra Bruvollen og Andersstua på Kvennset heilt opp til Skogstad i Hallagrenda. Det skjer i Husby og Halla vasslag, og anleggsarbeidet skjer på dugnad. Det har vore dugnad kvar onsdagkveld og laurdag ein månads tid no, og anleggsledar Svein Åge Saksen trur at det meste skal vera gjort om eit par veker. Denne veka har byggjing av ny driftssentral stått på programmet, og den er delvis basert på ferdige element som Kristian Gjeldnes har laga heime i garasjen.

I driftssentralen skal det monteres utstyr for filtreringa og UV-stråling, slik at det skal bli enklere for Mattilsynet å rekne «basseluskar»  og kimtal når dei får inn vassprøvar. Dei har iallfall godkjent planane for det nye vassanlegget, som vil bli sett i drift på forsommaren. Til driftssentralen er det ført fram strøm via jordkabel til dette formålet, og det er bygd veg fram til driftssentralen for lettare adkomst for regelmessig ettersyn av anlegg og utstyr.

Laurdag var eit av prosjekta å frakte dei to glasfibertankane opp til den nye brønntomta. Det er to store  tankear som kvar tek ca 10 m3, og som er plassert på trygg grunn ved Lauvåa. Dei får vassforsyning frå det store oppkommet i Berjeelva, der er rikeleg med førsteklasses vatn med 3-4 plussgrader gjennom heile året.

Her finn du fleire bilde frå dugnaden i Husby og Halla vasslag.   Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 19. mai 2012, 14:17 - Sist oppdatert: 22. mai 2012, 13:04