Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vasking av Svinviktunellen

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. oktober 2014

Tysdag morgon foregår det vasking av Svinviktunellen. Det er Kristiansundfirmaet Vakumentreprenøren som er leid inn for reingjering av tunellen. Det var nok mange som stussa når det stod «Ulykke» på lysskiltet, men det skulle altså berre stått tunellvask, fortel Jogeir Ringstad frå firmaet.

Til jobben brukar dei ein spesialutstyrt tankbil, og vaskejobben er nok raskt unnagjort. Tunellen blir vaska og reingjort 2 gonger i året – haust og vår, og det er utruleg kor mykje lort som blir samla i tunellen.

Tunellen er ikkje stengt i samband med reingjeringa, men trafikken blir dirigert og trafikkantane bli oppfordra til å vise stor forsiktigheit når dei passerer.

Først publisert: 21. oktober 2014, 05:00 - Sist oppdatert: 22. oktober 2014, 18:14