Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vårtur til Todalen

Vårtur til Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. mai 2011

Vi har fått tekst og bilder fra Stangvik Aldersheim, der Borghild B. Talgø arbeider som aktivitør. I forrige veke var dei på tur til Todalen, og Borghild skriv til Todalen.no: «I forrige veke fekk vi invitasjon til å kome til Åse og Kåre Øyen på Brubakkan for å sjå på lamma. Vi vart så gla! Buss vart ordna, og kjekk sjåfør vi fikk, da Eirik tok oss med til Todalen.
Korg med godt i vart det også, og så flott ein dag! Åse og kari fekk snakka om lamminga og fortalte historier. Ho «Litjmor» på 14 dager var med oss ut etter besøket i fjøst, til stor glede for oss alle. Etterpå vart det trivelig kaffelag, og varm og godt i solveggen. Takk til vertskapet!

Etterpå vart det rundtur i Todalen, med margit som guide i framsetet. Takk for ein flott dag!»

Bildegalleri fra turen til Todalen.   Alle bilde: Borghild B. Talgø

Først publisert: 3. mai 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 2. mai 2011, 23:32