Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårspussen på kyrkjegarden unnagjort

Elinor Bolme Tysdag 28. april 2015

Utruleg mange todalingar og nokre utflytta todalingar møtte opp i går kveld når Todalen Sokneråd inviterte til den årlege dugnaden på kyrkjegarden. Og jobben såg ut til å gå unna rimeleg fort. Med ei kjapp oppteljing kom ein fort opp i mot 50 mann som hadde møtt opp for å ta vårpussen på kyrkjegardsområdet.

Vårpussen blir som oftast tatt før konfirmasjonsgudstenesta, slik at kyrkjegarden er ryddig og fin til denne festdagen. Og med fint og tørt vër i dagane før, vart det fort gjort å rake heile området og ta unna nedfallskvisten. Steingangane vart «frisert» og der det var behov for påfylling av jord vart dette utført.

Soknerådsleiar Ildri Sjøland Øyen var storveiges fornøgd over oppmøtet og alt som vart gjort.

Under er eit bildegalleri frå arbeidet. Foto ElinorB og Dordi Jorunn Halle.

Publisert: 28. april 2015, 06:00