Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Varm velkomst til nypresten i Todalen

Dordi Jorunn Halle Sundag 28. januar 2018

Søndag vart prest Kristin Strand ønskt varmt velkomen av kyrkjelyden i Todalen. «Det er trygt og godt at vi no har fått fast prest i soknet vårt,» sa leiaren i soknerådet Britt Mossing da ho ønskte Kristin Strand velkomen.

Britt Mossing ønskte Kristin Strand velkomen til Todalen. Ho overrekte nypresten boka om Todalen kyrkje. Foto: Dordi J H

Det var godt oppmøte i Todalen kyrkje da Kristin Strand heldt si første gudsteneste her. Ho heldt ei fin preike med utgangspunkt i kapittel 4 i Markusevangeliet der teksta for såmannssøndagen er å finne. Dagens tekst  handla om såkornet og sennepsfrøet – to  fine likningar.

P17-koret deltok aktivt i gudstenesta; både med vakker korsong, forsterking av salmesongen og innøving av nye melodiar med kyrkjelyden. Ein kan trygt seie at dei var med å sette ein spiss på stunda i kyrkja! Dei fekk også stor takk frå presten. Takkofferet gjekk til eit misjonsprosjekt i Etiopa – det er eit fellesprosjekt for alle kyrkjelydane i Surnadal.

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffe med mykje godt. Her vart det triveleg prat, og den nye presten fekk høve til å helse på dei frammøtte.

Bernt Bøe var både organist og kordirigent, medan Randi Vetleseter Bøe var klokkar og song i koret. Foto: Dordi J H

Første kvinnelege prest i Surnadal

Kristin Strand er faktisk  den første kvinna som er tilsett som prest i Surnadal kommune. Det var vel på tide –  snart 57 år etter at Ingrid Bjerkås vart ordinert som den første kvinnelege presten i Den norske kyrkja. Kristin seier at ho sjølvsagt først og fremst er prest, men at det er stas at ho vart den første kvinnelege presten i kommunen vår. «Likestilling er ein svært viktig verdi samfunnet vårt,» seier nypresten.

Kristin Strand er spent på arbeidet i ny stilling, men er glad for at ho er blitt så godt motteken både av nye medarbeidarar og i kyrkjelydane. Kristin er busett i Valsøyfjord, og ho er lite kjent i Todalen, men det blir ho vel etter kvart. I studietida følgjer prestestudentane eit opplegg som heiter «Veien til prestetjeneste»  – der er praksis ein viktig del. Ho hadde biskop Ingeborg Middtømme som rettleiar. Så ho er godkjent som prest av biskopen i Møre bispedømme og ordinert til prest av biskopen i Hamar, Solveig Fiske, som er nordmøring – frå Frei. Kristin vart ordinert i Vågåkyrkja.

Vi ønskjer Kristin Strand til lykke som prest her hos oss!

Neste gudsteneste er søndag 25. februar.

Britt og Sidsel var kyrkjevertar. Frå venstre Britt Mossing, May-Elisabeth Holten, Martinus Ranheim og Sidsel Kalseth Heimlund. Foto: Dordi J H

Både godt og triveleg med kyrkjekaffe. Frå venstre Jon Bruset, Gunda Bele, Terje Gulliksen, Ester Karin Rendal Larsen, Kristin Strand. Foto: Dordi J H

Fleire som kosar seg med kaffe. Frå venstre: Ragnhild, Ansnes Moe, Ragna Kvendset, Ingrunn Torvik, Gunn Tove Svinvik og Synnøve Gjeldnes. Foto: Dordi J H

P17-koret. Foto: Dordi J H

Publisert: 28. januar 2018, 19:19