Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårjamndøgn og nysnø på morgonkvisten

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. mars 2018

Vårjamndøgn er på mange måtar ei lita påminning om at sommaren nærmar seg, men i dag er det ikkje mykje anna som minner oss om sommaren. Her heime er det 7-8 cm nysnø og meir er kanskje i vente utover dagen. Men det spesielle med vårjamndøgnet er at dagen og natta er like lang, og det er den faktisk over heile verda. Det skjer den 20. – eller 21. mars kvart år, og no i 2018 skjer det i dag, den 20. mars, og klokkeslettet er 17.16 lokal tid.  Vil du lese meir om kan du «bla om» og lese vidare kva Wikipedia skriv:

«Vårjamdøgn eller vårjamdøger er saman med haustjamdøgn dei døgna då natt og dag er like lange overalt på jorda. Etter vårjamdøgn vert dagane lengre og nettene kortare på den nordlege halvkula, der dagen ofte har markert byrjinga på våren. Skjeringspunktet mellom solbanen (ekliptikken) og himmelekvator vert kalla vårjamndøgnspunktet eller vêrpunktet.

Vårjamdøgn kjem rundt 21. mars. Oftast fell vårjamdøgn på 21. mars som vert kalla det offisielle vårjamdøgn. Første påskedag er den første sundagen etter fullmånen som kjem etter 21. mars.
I fleire kulturar feirar ein nyttår eller vårhøgtider ved vårjamdøgn. Nauroz (persisk nyttår) blir feira på denne dagen. I delar av Aust-Europa feirar ein våren ved å brenna eller drukna dokker av Marzanna, ei gammal slavisk gudinne. Fleire nyheidenske feiringar finn stad, som den germanske høgtida ostara. Maria bodskapsdag, som vanlegvis fell på 25. mars, har òg tradisjonelt vore ein nyttårsdag i Europa. På dei britiske øyane var dette ein av «quarter days», dagar då leige skulle betalast, tenestefolk kunne hyrast og skuleterminar starta.»

Publisert: 20. mars 2018, 07:40