Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Variert  Halsedag  på  søndag

Variert Halsedag på søndag

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. september 2009

Søndag blir det Halsedag heile dagen!  Det startar med opa Halsesamling i Gammelskulen kl 12 og fortset med kunstutstilling i Meierisalen hos Narve og Synnøve Talgø kl 13. Der er det kunstutstilling etter Olav Halse, bror til Leif.

På Kunstutstillinga blir det stilt ut mange bilde etter Olav Halse, men det blir også premiere på 15-20 blider som ikkje har vore stillt ut tidlegare. Det er Halsa Heimbygdlag som har fått ei samling måleri som no er rama inn og altså har sin premiere i Todalen.

Vidare ber det til ungdomshuset, der det er underhaldning med Arild Hoksnes.  Arild på gitar og sonen Jonas som  spelar fele skal sørge for gjenhør av slåttar etter Leif  Halse.  Vi får også høyre smakebitar frå radiokåseria til Arild Hoksnes.

Todalskoret som også har mange Halsetekster i sitt reportuar vil opptre i ungdomshuset, der det også vil bli salg av speketallerken, samt kaffe med steinovnbakte kaffebrød frå Steinarstua.

Først publisert: 15. september 2009, 19:12 - Sist oppdatert: 16. september 2009, 18:35