Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vangsgutane er i rute

Vangsgutane er i rute

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. november 2011

Vangsgutane for 2011 er på plass i butikkhyllene. I Todalen finn du dei i hyllene hos ICA Todalen, som har en stor bunke med årets utgåve klare til salg. I Surnadal finn du dei også hos Narvesen i Amfisentret.  Vangsgutane har i årets utgåve to seksjonar, ein som er nyskreven og har er ei historie frå krigens dager som heiter «Gris på rømmen». Den andre delen er opptrykk frå 1964 og skal på ein måte markere Vangsgutanes 70-årsjubileum. Tilsaman er det 36 sider fornøyeleg lesnad.

I heftet treffer du både Breisetgubben, Ane på Hjellen, Martin Skjorahagen, handelsmann Nordvik og mange fleir; og sjølvsagt Steinar, Kåre og Larris. Det er Sverre Årnes som er ny forteljar i årets hefte, og ny teiknar er Ivan Andreassen. Handlinga i årets hefte er lagt til Todalen, og du kjenner deg att på mange av teikningane. På side 2 er det og ei helsing frå Olav Thon, som har vore ein trufast lesar av Vangsgutane. Det er fonna Forlag som er utgjevar av Vangsgutane.

Publisert: 2. november 2011, 20:33