Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vandrefestivalen  –  tjuvstartar  med  tur  til  Rambjøra

Vandrefestivalen – tjuvstartar med tur til Rambjøra

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. juli 2013

Norsk vandrefestival har offisiell opning fredag 2. augst, men har alt tjuvstarta (eller varma opp) med fleire arrangement. Og enno vil det blir fleire tjuvstartar, mellom anna onsdag da det blir arrangert tur til Rambjøra i Todalen. Den turen startar fra krysset ved Halsetvegen kl 10.00, og går opp Halsetlia med Knut Halset som kjentmann. Neste lokale arrangement er tur til Romådalen. Det skjer torsdag 1. august, og her er det Nils Røv som er guide på turen innover det godt bevarte seterdalen.

Turen til Romådalen startar frå Heggøyan, og går opp romålia og innover til inner setrene. Turen er venta å ta 6-7 timar, og kostar kr 100 pr deltakar. Dette er ei vandring inn dring inn Romådalen  i selskap med friluftsmann, professor og biolog Nils Røv, saman med og lokale kjentmann Trygve Halle. Romådalen er ein godt bevart seterdal, omkranset av flotte fjell.  Høyr natur- og kulturhistorie frå ein av våre beste formidlarar i et vakkert og interessant landskap.

Sjølve opninga av Norsk Vandrefestival skjer altså i Svinviks arboret fredag kveld kl 18.00. På programmet denne kvelden står mellom anna Cecilie Skog, som vil halde eit interessant foredrag. I tillegg til å formidle livsglede og naturopplevingar snakker Cecilie om det å sette seg mål, og korleis ein førebur seg både fysisk og mentalt i forkant av dei store og krevjande turane. Som jente har ho vore nødd til å finne nye løysingar på problem som  mannlege kollegaer ikkje har, og har vore nødd til å tenkje utradisjonelt for å klare å snu ulemper om til fordeler for seg sjølv.

Vidare utover kvelden vil det blir restaurant, musikk og friluftsstandup. Og her treng du ikkje tenkje på vêret, for programmet skjer i den store festivaltipien (teltet) som blir sett opp ved  arboretet. Heile programmet for Norsk Vandrefestival 2013 finn du her.

Publisert: 30. juli 2013, 20:39