Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vandrefestivalen fortsett – Hotell i fokus på dagarrangementet

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. august 2019

Det er eit kjent fenomen at mange insekt har problem på grunn av klimaendringane. Ikkje minst gjel det humler og villbier som det har vore stor fokus på. Under dagarrangementet på årets Vandrefestival er det sett fokus på akkurat det med humlehotell, og dermed er det lagt tilrette for at dei yngste skal få være med og bidra til at humler og villbier skal få ein stad å bu.  Bygging av humlehotell var ein av familieaktivitetane i samband med dagarrangementet i arboretet laurdag. 

Men det var også skyting på blink med ein stor sprettert – det fasinerte nok den yngre garde, men det var ikkje heilt enkelt å treffe blinken – men artig var det lell.  Elles var det lagt opp til forskjellige aktivitetar rundt om i arboretet, i tillegg til at du kunne få omvisning, guidet tur til Åsbøsnyta, historisk vandring med Oddvar Mikkelsen og mykje anna.  Kirsten Winge hadde forresten etablert seg i festivaltipien og heldt eit interessant foredrag om mat frå skogen. Ho hadde mange idear for bruk av planter, blomster og bær som kunne brukast til mat og drikke. Elles var det sjølvsagt høve til å ta seg ein tur rundt Svinvikrunden som også i år er StikkUT-tur i regi av friluftsrådet. 

Kirsten Winge hadde i sitt foredrag mange idear til korleis ein kunne bruke alle typer vekstar i skogen til noko nyttig – enten mat eller drikke. Foto: Jon Olav Ørsal

Når det lir til kvelds, det vil seie kl 17.30,  startar sjølve festaften. Da blir det utdeling av pris til «Årets vandrar» og fortsett med to konsertar – først med Øyvind Hassel Weiseth kl 18:00 – og så med Frode Alnæs og Sondre Meisfjord kl 19:00. 

Bildeglimt frå dagens aktivitetar finn du i bildegalleriet – kanskje finn du kjentfolk også?  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. august 2019, 15:50