Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vandrefestivalen 2013: Programmet er klart…

Vandrefestivalen 2013: Programmet er klart…

Jon Olav Ørsal Fredag 7. juni 2013

Norsk Vandrefestival blir i år arrangert for 4. gong, og det skjer i tidsrommet 2. til 4. august. I år er det Svinviks arboret som er base for festivalen, og arrangementet blir i nært samarbeid med arboretet.  Styret i Norsk Vandrefestival har lagt opp til eit omfattande program, og det er lagt vekt på at det skal være programpostar som passar for alle, enten du er ”ekstrem” eller du kanskje berre vil ta ein runde med natursti i arboretet.

Festivalen startar ”oppvarminga” alt torsdag 27. juni, da det blir kurs i bruk av GPS på Nordmarka skisenter.  Etter fleire oppvarmingsrundar i forkant av festivalen er det klart for høgtideleg opning fredag 2. august kl 18.00, der eit av trekkplastra Cecilie Skog vil halde foredrag. Det skjer i festivaltipien, eit kjempestort telt, der det seinare på kvelden blir både restaurant, musikk og friluftsstandup.

Laurdagen er også fullspekka med program, som kan starte med frukost og kanskje eit oppkvikkande morgonbad i Todalsfjorden dersom du har lyst! Gjennom dagen er det mange forskjellige aktivitetar og turtilbod, så her blir du nøydd til å ta eit val. Om kvelden er det prisutdeling til årets ”Æresvandrer 2013”, samt at vi får oppleve Valkyrien Allstar under open himmel.

Etter frukost søndag er det Frode Ødegaard som startar dagen med foredraget ”Bien og blomsten – det viktige samspillet”. Eit topp aktuelt tema, ettersom bibestanden er sterkt redusert i heile verden. Sjølvsagt er det fleire turalternativ i søndagsprogrammet også, og vi kan berre nemne tur til Honnstadknykjen, Åsbøsnyta, Hjelmkonna og fleire til. Litt spesiell er kanskje ”Nysgjerrigpertur med håv”, der det blir høve til å bli med insektforskar Frode Ødegaard på ein runde. Heile programmet og meir til finn du her på nettstaden til Norsk Vandrefestival. Programmet er no gått i trykken, og det blir distribuert i postkassane i nærområdet.

Vi er stolte av programmet vårt, seier Ragnhild Godal Tunheim, som fortel at heile styret har lagt ned mykje arbeid for å få sydd saman det rikhaldige programmet som er fundamentert på NATUR, KULTUR OG FOLKEHELSE. – Det er og lagt vekt på å spreie aktivitetane til dei 3 deltakarkommunane Halsa, Rindal og Surnadal, og vi satsar på at alt skal ha eit høgt kvalitetsnivå.

Og styret det er i år samansett slik: Ragnhild Godal Tunheim er styreldar og har med seg styremedlemane Ivar Vullum, Albert Maassen, Camilla Askildsen, Bodil Gjeldnes, Irene haugen og Juanita Møkkelgård.

Publisert: 7. juni 2013, 16:45