Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vandrefestival i gang.

Vandrefestival i gang.

Elinor Bolme Tysdag 10. august 2010

Da er den andre i rekkja av Norsk Vandrefestival opna. På Kårvatn er det i dag full skuv, med ulike aktivitetar etter behov.

Den offisielle opninga gjekk føre seg ved Nauståfossen, med  Kristin Krohn Devold som åpnar. Ellers var både orførarane frå Halsa, Rindal og varaordføraren frå Surnadal tilstades for å kaste glans over markeringa. Kattsmygarlaget frå Tingvoll hadde og eit innslag undervegs. Jenny Klinge held det heile saman som konferansier gjennom dagen.

Etterpå, når dei fleste kom ned igjen, var det avduking av statua «Undervegs» som kunstnar Ole Mauset laga tidlegare på sommaren. (Eiga sak kjem.) I skrivande stund pågår miniseminaret, før kvelden blir avslutta med heilstekt gris,  fest og dans til Oldtimers. Så då er det berre å møte opp!

Utover kvelden vil det bli utlagt fleire bileter i galleriet av dei ulike hendingane.

Her kjem og nokre bilder frå barneaktivitetane.

Fleire bilete frå dagens aktivitetar:

Først publisert: 10. august 2010, 17:19 - Sist oppdatert: 11. august 2010, 00:25