Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

VAMOS LÁ BRASIL

Elinor Bolme Torsdag 12. juni 2014

Om få straksar er VM i Brasil i gang, og i fleire heimar går dette slettes ikkje upåakta hen. Hos Gunnar og Jacqueline Nordvik på Liatun er det no VM-stemning døgnet rundt. Som de ser av bilda er alle skjønnt enige i at det er berre eitt lag; Brasil!

10439674_506478959452421_1477067008_n

Men todalen.no kan også rapportere nesten live frå Natal, der Jo Gjeldnes, Amund Talgø og Kjetil Holden no sitt på pub for å sjå åpningskampen mellom Brasil og Kroatsia på Arena de Sao Paulo. Ein arena med kapasitet på nesen 66.000 personar bygd i 2011-13.

Jo og gjengen har lova redaksjonen VM rapport frå opphaldet i Natal, der dei skal sjå dei tre innledande kampane mellom Italia- Uruguay, Ghana- USA og Mexico- Kamerun. Desse kampane går på Estadio das Dunas, bygd i 2013 med kapasitet på 42.000. Natal er heimbyen til Jacqueline, så ho følgjer nok litt ekstra med på VM-sendingar derifrå.
10390886_10154218708755198_1345928410912934837_n
Årets ferietur må nok dette vere for dei tre unggutane som er på sitt tredje (?) VM. Eller årets bursdagsgave kanskje, for Jo som fyller litt over 30 i dag! Vi gratulerer så klart, og ser fram til reisebrev.
Publisert: 12. juni 2014, 21:11