Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Valsøybotn:  Fosskonserten  i  kveld

Valsøybotn: Fosskonserten i kveld

Jon Olav Ørsal Måndag 26. juli 2010

Årets store høgdepunkt i Valsøybotn foregår i kveld. Fosskonserten samlar mykje folk i den spektakulære konsertarenaen der scena ligg tett inntil Fossen innerst i Valsøybotn. I år er det Hellbillies og CC Cowboys som er attraksjonane, og det er venta 2-3.000 publikummarar til arrangementet. Det er salg av billettar og parkering frå kl 15.00 og musikk frå «Den Lille Scenen» frå kl. 16.30 til kl. 19.00, før hovudkonserten tek til kl 19.30. Billett får du kjøpt ved inngangen og kostar kr 380. For born 7-14  er prisen kr 100.  Det er Halsa Historielag som er arrangør. Les meir på heimesida http://www.fosskonserten.no/.

Først publisert: 26. juli 2010, 23:59 - Sist oppdatert: 28. juli 2010, 21:06