Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Uvanleg novembervarme

Uvanleg novembervarme

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. november 2012

Den siste tida har det vore eit par dagar med uvanleg temperatur for november. Det har faktisk vore nemnt temperaturar heil opp mot 19-talet. Jon Bruset har sett på arkivet sitt, der han har registreringar heilt frå 1990.  tatt en sjekk på høge temperaturer i november sia 1990. Onsdag registrerte han 16,8 grader som maksimumstemperatur, men det holdt ikkje til «pallplass» ein gong. Rekorden frå perioden 1990 – 2012 vart sett 6. november 2003, da det vart registrert 20,8 varmegrader.

Elles er det i perioden registrert 18,7 grader den 1. november 2005 og 17,2 grader den 1. november. Slutten av november 2011 var også varm med + 16,4 grader den 29. og + 15,8 grader den 30. November 2010 var derimot veldig kald med 25 døgn med frost. Flest varme døgn var det i år 2000 med 21 døgn over + 10 eller meir. Fredag var det igjen temperaturar opp i 15-talet, medan det i skrivande stund laurdag føremiddag er kuldegrader igjen så vidt det er.

Langtidsvarslet på yr.no lovar sørleg vindretning og varmegrader dei første dagane, men lågare temperaturar mot slutten av veka.

Publisert: 24. november 2012, 11:18