Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Utruleg februarvarme, men blir det rekord?

Jon Olav Ørsal Måndag 24. februar 2014
Tempeeraturane har vore heilt uvanleg til vintermånaden februar å være. Uten snø og med varme fønvindar i dag etter dag er heilt uvant. Men det har vore mildvær før også, for den 5. februar 1990 var det heile 17,5 varmegrader på Småhjellan skriv Jon Bruset i ein e-post til oss:
«I dag har det vore ekstra varmt til å være i februar. I Trondheim er det sett februarrekord med i overkant av 10 pluss, men dette blir småtteri mot temperaturane her i fylket. På Småhjellan er maksimumstemperaturen i dag +15,0 til no i dag (kl. 18.30).
Har sett gjennom målingane frå februar 1990 og til i dag, og før dagens måling er det målt over 15 varmegrader fire gonger i februar. Her er det februar 1990 som skil seg ut med dei tre høgste temperaturane som er målt på Småhjellan.
Rekorden er frå 5. februar 1990, med + 17,5. Dei to andre målingane over + 15 dette året var 15,9 og 15,3. På fjerdeplass kjem 21. feb. 1998 med + 15,1, før dagens måling på + 15,0.
Men dette kan kanskje bli slått utover kvelden eller kanskje måndag?»
Publisert: 24. februar 2014, 09:44