Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Utgravingane på Nordvik er ferdige – uvisst når området blir frigjeve

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. desember 2018

Dei siste 3-4 vekene har det vore hektisk aktivitet i det nye bustadfeltet på Øygarden på Nordvik. Under opparbeiding av det nye bustadfeltet vart det funne fleire restar etter gravrøyser, men gamle kol- og beinrestar. Dei siste vekene har det altså gått føre seg utgravingar av fleire funn som virka interessante – no avsluttar dei arbeidet.

Monica Svendsen har vore prosjektleiar for dei 5 arkeologane som har jobba med utgravingane på Nordvik dei siste vekene. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Det er Monica Svendsen som har vore leiar for gruppa på 5 arkeologar som har jobba med utgravingane i det nye bustadfeltet. Det var knytt stor spenning til dette arbeidet, ettersom det tidlegare i sommar vart gjort funn som med 95 % sikkerheit inneheld kol- og beinrestar som dei trur stamma frå menneske. Tidfestinga av funna er ikkje gjort enno – men det er sannsynleg at dei stammar frå perioden frå år 0 fram til rundt år 500. Det er klart at bortimot 2000 med erosjon kan fjerne mange spor frå gravrøysene. 

No har det meste av jobben gått føre seg i det store oppvarma teltet som er sett opp, og Monica hadde nok venta at dei skulle gjort funn i dei 7 røysene som altså låg under tak i teltet. Men her vart det ikkje gjort funn som ein med sikkerheit kan seie at dei inneheldt kol- og beinrestar. Men likevel kan det være graver, men at dei kan være utvaska ettersom det var mykje porøs masse på toppen av haugen der funna vart gjort.

Dei 5 arkeologane som kjem frå Vitskapsselskapets museum i Trondheim, og no avsluttar dei altså arbeidet på Nordvik. Det som står att no er analysering av funna som er gjort og skriving av rapport frå utgravingane som er gjort i til saman 9 gravrøyser. Det er 7 gravrøyser no og 2 tidlegare i år, og gravrøysene har vore av varierande størrelse og utforming – nokre var spesielt fin lagt til, og det er nok gravrøyser, trur Monica Svendsen som altså er leiar for gruppa. No er altså gravearbeidet ferdig, og arkeologane har fått gjort det som var oppdraget, men når området som dei no har grave på blir frigjeve, det veit vi ikkje, seier Monica Svendsen til slutt.

Utgravingane er ferdig, men det er uvisst når den delen av området blir frigjeve for bustadbygging. Foto: Jon Olav Ørsal

Det meste av arbeidet har foregått i det oppvarma teltet dei siste 3-4 vekene. Foto: Jon Olav Ørsal

Fleire gravrøyser er gravd ut og undersøkt uten at det er gjort nemneverdige funn i siste runde. Foto: Jon Olav Ørsal

I dag var det fokus på demontering av utstyr, rydding og opplasting på bilen. Så settes kursen heimover for ein velfortjent juleferie. Ola A. Husby (lengst til venstre) skal måndag ha siste eksamen i si arkeologutdanning og kjem nok til å vente i spenning på resultatet i jula. Foto: Jon Olav Ørsal.

Publisert: 13. desember 2018, 16:34