Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fortsatt utan mobildekning i dag, søndag.

Fortsatt utan mobildekning i dag, søndag.

Elinor Bolme Laurdag 18. februar 2012

Heile Todalen er fortsatt utan mobildekning idag søndag, både for Telenor og Netcom abonement. Dette berører vel stort sett dei fleste av oss, da det er berre eit fåtal som har fasttelefon i desse tider. Hos Ica Nær og Terje Nordvik gjer dette at kundane ikkje får benytta Postens tenester eller tippa i dag.

Då har vi fått litt meir info rundt mobildekninga. Både Tor Holten og Ragna Kvendset har vor i kontakt med Telenor, og Ragna fortel i ein epost til todalen.no at dei melder om eit brot til basestasjon i Todalen. Telenor kunne melde at det har vore brot til basestasjonen G09  frå i natt kl 02:23. Dei arbeider no med saka, men etter ei oppdatering idag kl 13.30, kan dei ikkje seia når det er i orden. Så om nokon treng å ta ein telefon, er det ein til låns på Haugtun hos Ragna seier ho. Vi takkar så mykje for nyttig informasjon!

Først publisert: 18. februar 2012, 12:29 - Sist oppdatert: 19. februar 2012, 09:02