Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ung, lokal vinnar i Ræta Opp – oppdatert med resultatliste

Elinor Bolme Laurdag 1. juli 2017

Med knappe 86 betalande deltakarar vart det unggut og todaling Erik Kårvatn som vart den sterkaste i det vi no kan kalle tradisjonsløpet Ræta Opp. Erik låg på andreplass fram til siste kneika opp Reita, men «fekk» leiinga etter at leiande Kevin Anders Brusethaug sprang litt feil i traseen og tapte verdifull tid.

Vinnartrioen i herreklassen i årets Ræta Opp – helt til topps gikk Erik Kårvatn (i midten), framfor Hallvard Kvendset (til venstre) på andreplass og Kevin Anders Brusethaug (til høyre) på tredjeplass. Foto: Jon Olav Ørsal

I dameklassen kom Solveig Kvande best ut – her saman med herrevinnaren Erik Kårvatn. Foto: Jon Olav Ørsal

Ingvild Kårvatn som har hatt regien med arrangementet er godt fornøgd med deltakinga, som gav vel 10 000 kroner til Treffpunkt for kreftramma i Surnadal. Dei fleste støttar gode saker, men antall som deltek er nok vorte mindre med åra.

Stor entusiasme i MiniRæta – dei minste tok ein runde rundt Bordholmen. Foto: Jon Olav Ørsal

Mini-Ræta var også i år eit alternativ for dei yngste. Dei sprang runden rundt løpebanen på Bordholmen, og her var det Isak Drøpping, søskenbarnet til Erik som kom først i mål.

No kan du sjå – og laste ned resultatlista som PDF-dokument.

Under er eit bildegalleri av deltakarane undervegs i hovedløpet. Foto ElinorB

Først publisert: 1. juli 2017, 17:45 - Sist oppdatert: 2. juli 2017, 10:58