Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
«Undervegs» frigjort.

«Undervegs» frigjort.

Elinor Bolme Tysdag 10. august 2010

Som nemt tidlegare vart bestillingsverket laga av kunstnar Ole Mauset, avduka utanfor butikken på Kårvatn i dag. Ole Mauset var sjølv tilstades, og overlet lett avdukinga til Kristin Krohn Devold som tidlegare hadde takka ja til oppdraget.

Statua «Undervegs» viser ein mannsperson i lag med ein hund som speidar nedover mot bygda. Ettersom statua står på ei høgd, har Mauset og sett opp ein arde ved sida. Som eit overraskelsesmoment ville han gjerne at Krohn Devold måla den karakteristiske raude flekken på ein av steinane i oppbygginga. Dette tok eks-statsråd og DNT-sjefen på strak arm,  då heller ikkje ho visste om det.

Gå gjerne inn på Ole Mauseth si eiga heimeside for fleire kunstverk;  http://www.olemauseth.com/

Først publisert: 10. august 2010, 23:35 - Sist oppdatert: 11. august 2010, 17:54