Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor interesse for bok 3 i serien «Under Skarfjellet»

Dordi Jorunn Halle Fredag 29. november 2019

Forfattarane Torbjørn Polden, Lars Steinar Ansnes og Erling Myrbostad har gjennom 12 år samarbeidd om å gi ut bøker med utgangspunkt i lokal historie knytt til Eidet og Lykkjebygda der karane voks opp. I alt har det vorte fem bøker. Torsdag kveld var det bokslepp for «Under Skarfjellet» – bind 3. Da har dei produktive forfattarane gjeve ut 3 bøker i løpet av det siste året! «Men det blir ikkje tre nye bøker neste år,» slo Lars Steinar Ansnes fast.

Leiaren i Stangvik historielag, Einar Grønnes, ønskte bortimot 100 personar velkomne til boklansering i Myrvang, altså stappfullt hus! Han syntest det var storarta å sjå så mykje folk i salen. «Stangvik historielag er heldige som har desse tre karane. Dei fortener stor takk for kjøle godt utført og utruleg verdifullt arbeid for å ta vare på lokalhistoria vår», sa Grønnes.

Forfattarane retta ein spesiell takk for god hjelp til Oddvar Kvande, Sigbjørn Mikkelsen, Ragnhild Mikkelsen, Mary Røen og Lars Gudmund Røen. Heilt til høgre Torbjørn Polden. Foto: Dordi J H

Lars Steinar Ansnes orienterte om arbeidet med bøkene, og det er lagt ned eit enormt stort dugnadsarbeid for å få bokprosjektet i hamn, både av forfattarane og mange gode hjelparar i lokalsamfunnet. I forordet til denne siste boka skriv forfattarane mellom anna: «Drivkrafta vår i arbeidet med bøkene har vore idealisme og lokalhistorisk interesse. Dei pengane som måtte bli att etter utgjevinga, går fullt og heilt til Stangvik historielag. Utruleg mange har stilt opp for oss med informasjon, kjeldemateriale og bilete i den dugnaden som bokprosjekta har vore. Den store interessa frå bygdefolket har vore heilt avgjerande for at vi fekk til dette. Tusen takk!»

Torbjørn Polden beskriv innhaldet i boka på rim. Foto: Dordi J H

Lars Steinar gav ordet vidare til Torbjørn Polden; «Vår tids Snorre Sturlason,» meinte Lars Steinar da Torbjørn er ein god rimsmed og presenterte innhaldet i boka på rim, godt gjort! Sjølv syntest Torbjørn at samanlikninga med Snorre var vel dryg, men kanskje kunne heller ein annan skald nemnast, nemleg Torbjørn Kolbrunarskald.

«Under Skarfjellet 3» er rikt illustrert – heile 247 bilete av god kvalitet! Boka har 14 hovedkapittel. Siste kapittelet er ein biletkavalkade av eidsbygger og lykkjebygger og har tittelen: «Folk frå Eidet og Lykkjebygda». Her er det mange flotte og interessante bilete som fortel mykje om tidlegare tider, mange vil nok kjenne att både slekt og naboar. «Teleløysing på Eidet våren 1955» er ei fornøyeleg biletsamling om da vegen over Eidet gjekk i oppløysing, og bussar og bilar stod fast i gjørma. Her måtte det både traktorar og trekkvogner til for å få kjøretya over Eidet. Vinteren 1956 vart snødjupna på flat mark målt til 2, 30 meter.

«Elektrisk straum – ein revolusjon» fortel om da straumen endeleg kom til Eidet og Lykkjebygda; heile Eidet fekk ikkje straum før den 28. februar i 1951 – altså ikkje før Aurautbygginga var i gang. Det mest omfattande kapittelet i boka er om «Elva – livsnerven i dalføret». Her kan ein lese om bruer og vad, utfordringar med flaum, fiske og gode fiskehølar, leik på elveisen og badeliv, og til sist elveforbygging og utretting av elva.

«Oppvakningstid for lekmannsrørsla skapte misjonsforeningane» – det var heile fire ulik misjonsforeiningar på Eidet og i tillegg «Eit sjukelag».  Alle foreiningane hadde medlemsmøte rundt om i heimane på dagtid mellom middag og nonsmaten; det var tida da kvinnene kunne ta litt fri frå heimen. Foreiningslivet var ein viktig utviklingsarena for kvinnene. Andre emne som er omhandla er post, trøskarlag, søndagsskule og yngresarbeid.

Erling Myrbostad viste fram og fortalde om nokre av bileta i boka. Han greidde ut om namn, årstal og plassar utan manuskript eller hugselapp. «Erling har ekstrem god hukommelse», slo Lars Steinar fast. Foto: Jon Olav Ørsal.

Vidare er det personportrett av Mathea Sogge – etter henne finst det mange dagbøker som forfattarane har hatt stor nytte av. Mathea var fødd i 1896 og skildrar daglegliv og folkeliv i samtida si. «Finsnekkarane på Ytre Geilhaugen» fortel mellom anna om Johannes Ellevset som laga ikkje mindre enn 700 gode gitarar! «Pe Langhaugja – altmulegmann og medmenneske» fortel om Pe Holten som var ein svært god handverkar  og usedvanleg kunnskapsrik på mange felt; han var musikalsk og ville gjerne spele fele; det var det ikkje lett å få tak i, så han bygde seg ei sjølv.

Det blir for langt å skrive om alle kapitla i boka, men innhaldet i boka er altså svært variert og interessant. Språket er godt og lettlese. Mange små historier krydrar innhaldet. Det er berre å gle seg til å lese!

«Di Invalidos» viste  speleglede, og det er lett å sjå at dei likar å spele i lag. Frå venstre: Jon Husby, Erling Myrbostad, Ola Baarset, Johannes Holten, Gudmund Husby og Hroar Kvande.  Foto: Dordi J H

Det var orkestret «Invalidos» som sørga underhaldninga denne kvelden; kvikke trekkspelkarar som spela slik at folk fekk lyst til å ta ein svingom og innimellom kom det humoristiske kommentarar. Dei mangla berre ein mann på scena denne kvelden, så dagsforma var heldigvis god. Jon «Jostu» Husby presenterte orkestret og sa at for å bli medlem, måtte ein ha alvorlege skavankar,-  ein skarve forkjølelse eller «skallbank» var ikkje nok. Grunnen til «Invalidos» vart til, er  at Jostu og Erling hamna på same rom på sjukehuset i Kristiansund for nokre år sidan. Dei kjende ikkje kvarandre; men det viste seg at båe to hadde trekkspel og dermed vart det lagt planar om trekkspelgruppe, og namnet sa seg sjølv – for akkurat da var dei to nokså invalide!

Jon og Erling, to ivrige trekkspelkarar som fekk i gang «Invalidos». Foto: Dordi J H.

Erling Myrbostad, Lars Steinar Ansnes og Torbjørn Polden har altså samarbeidd i 12 år med å skrive lokalhistorie og no er det altså sett punktum for dette prosjektet. Dei synest det er stas at interessa for bøkene  er så stor, men at det er ei tid for alt, og no vil dei ha tid til andre ting. Dei synest siste boka vart fin og er ei god avslutning. Alle bøkene har seld godt og gått med overskott!

Da det plutseleg vart slutt for bokhandelen i Surnadal, vart forfattarane litt rådville, men «Under Skarfjellet 3» blir å få kjøpt på Coop Extra i Surnadal. Forfattarane sjølve sel også boka, det er berre å ta kontakt.

Vi takkar Torbjørn, Lars Steinar og Erling for gode og lesverdige bøker og ønskjer dei lykke til med andre gjeremål!

 

Publisert: 29. november 2019, 01:33