Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Under Skarfjellet 2 – ny, interessant bok og storveies lansering!

Dordi Jorunn Halle Torsdag 6. juni 2019

Forfattarane, Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Stienar Ansnes, inviterte torsdag kveld til lansering av boka «Under Skarfjellet – Lokalhistorie frå Eidet og Lykkjebygda». Det var stappfullt i hallen på Stangvik skule, ca. 70 personar, og det vart ein interessant og triveleg kveld med flott presentasjon av boka og musikalske innslag.

Stort oppmøte på boklanseringa for «Under Skarfjellet». Foto: Dordi J H

Lars Steinar ønskte vel møtt og fortalde at ideen til bokprosjektet dukka opp på eit kamerattreff i Kvenndalen i 2007, og no nærmar det 850 sider lokalhistorie mellom 10 permar! Det starta med «Kvenndalsboka» som kom ut i 2010, og sidan har dei halde på for «de e så gøitt!»

I forordet kan ein lese: «Denne boka er bind 2 av i alt 3 i serien «Under Skarfjellet». Boka er den fjerde som vi tre-karane, Torbjørn, Lars Steinar og Erling, har skrive i lag. Som tidlegare er drivkrafta vår idealisme og lokalhistorisk interesse. Utgivar er også no Stangvik Historielag, og eit eventuelt overskot kjem laget til gode. Boka liknar på mange måtar bind 1, men emnevalet er heilt forskjellig. No som før er det lokalmiljøet vi voks opp i som er grunnlaget for boka.»

Lars Steinar sa at det alltid blir starta for seint når ein skal skrive lokalhistorie, mange viktige kjelder kjem bort med åra. Men kanskje kan vi heller slå fast at vi begynte arbeidet i «grevens tid»! Han retta ein stor takk til bygdefolket som tolmodig har fortald om «gamle dagar», kome med opplysingar eller hjelpt til med bilete.

Torbjørn presenterte innhaldet i boka på rim – utruleg bra! Og Erling Myrbostad viste bilete frå boka – karane kan å skape interesse både for lokalhistoria og bøkene sine.

Det vart hektisk forfattarane, dei signerte bøker så blekket spruta! Foto: Dordi J H

I boka er det interessante artiklar om mange ulike emne som til dømes: Handel i gamle dagar, Aldersheimen på Åsen, Sommaridretten grip om seg, Gutane som fann opp Gundermetoden, Losje Sigyn, Med radioen kom omverda inn i stua, Traktorar og andre doningar med fleire.

Eit emne har tittelen «E de snøfokk me de?» Det handlar om dei først åra med fjernsyn. Erling Polden kjøpte fjernsyn 5. januar i 1964, apparatet kosta 1980 kroner og TV-lisensen var på 125 kroner. Erling fekk 40 kroner i rabatt, så rekninga kom på 2065 korner! Lars Polden minnest at dei fekk mange «fjernsynsgjester»; i løpet av 1965 var det over 1000 besøkande som kom for å sjå fjernsyn stua i Pollen; – heile 28 på ein kveld! I snitt vart det 2,8 personar pr dag, og mor Anna serverte kaffe med noko attåt. Fjernsynet var altså eit sosialt samlingspunkt den gongen!

Dyktige musikarar – dei var det vel verd å høyre på! Frå venstre: Per Holten, Helge Nilsen Wesche, Ole Magne Ansnes. Foto: Dordi J H

Eit anna emne er «Ei ny musikalsk tid», og på lanseringskvelden stilte tre av musikarane som er nemnde i boka, opp og underheldt med musikalske innslag og muntre historier – det sette ein skikkeleg spiss på kvelden! Første låten Ole Magne Ansnes, Per Holten og Helge Nilsen Wesche spela, hadde tittelen: «Artigt på Eia!» Det synest som både musikarar og forfattarar frå Eidet og Lykkjebygda har det artig og trøysamt i lag! – til stor glede for lesarar og  tilhøyrarar.

«Losje Sigyn» er grundig omtala i boka. Her er det med mange artige dikt og forteljingar frå medlemsbladet «Blåveisen».

Det er berre å slå fast at denne andre boka i serien «Under Skarfjellet» har eit svært så variert innhald; både artig, spennaned og interessant!

Og spennande har nok også dei siste dagane vore for forfattarane; bokkassane har vore på avvegar og innom Nord-Noreg, Sverige og Finland før dei i dag kom til Stangvik skule med spesialtransport frå Oslo!

Slik ser boka ut! Foto: Dordi J H

Da er det berre å gle seg til neste bok som kjem ut 1. desember i 2019!

 

Først publisert: 6. juni 2019, 23:34 - Sist oppdatert: 24. februar 2020, 00:17