Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ufatteleg og fattbart

Steinar Hasselø Laurdag 3. februar 2018

Surnadal kino viser den ufattelege historia til Tonya Harding frå fredag av. Vil du heller kome til fornuft, blir også filmen om Per Fugelli framleis vist.

Alle som hugsar OL på Lillehammer, hugsar også kunstløpduellen mellom Tonya Harding og Nancy Kerrigan. Nancy var utan tvil best likt i heimlandet og vart framstilt som ein Colgate-versjon av Askepott. Tonya vart derimot uglesett som «kvitt søppel» («white trash»), og meir som den slemme stesøstra til Askepott. Det som hendte både før, under og etter er like uverkeleg som om Donald Trump skulle bli president i USA.

Tonya Hardings utrulege historie blir bretta ut i «I, Tonya» – og filmen har også fleire Oscar-nominasjonar. Margot Robbie (m.a. «Suicide Squad») skal vere strålande som Tonya og Allison Janney leverer også ein sterk rolleprestasjon som den mildt sagt spesielle mora. NRK/Filmpolitiet skriv at ein nærast ikkje trur folka kan vera som dei blir framstilt, heilt til ein ser korte arkivklipp som viser at – jau, dei var visst slik likevel, og Filmpolitiet konkluderer med at filmen er «underholdende og hoderystende på samme tid».

«I, Tonya» blir vist for første gong fredag 2. februar.

Da startar også familiefilmen «Coco» (6 år, med norsk tale) – ein animasjonsfilm laga av Walt Disney og Pixar. Det fortel eigentleg nok, skriv NRK Filmpolitiet: «Selvsagt er også Coco en nydelig animert film med en imponerende evne til å underholde, samtidig som den appellerer til et bredt spekter av kinopublikumet.»

«Per Fugelli – siste resept» går på dagtid både laurdag, søndag og måndag. Og dei vi har snakka med etter tidlegare framsyningar, har i alle fall likt filmen godt.

I og med at det blir vist film ofte no, er det tryggast å gå inn på surnadal-kulturhus.no/program/ for å halde seg oppdatert.

Publisert: 3. februar 2018, 09:49