Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tysdag er lik balldag

Dordi Jorunn Halle Tysdag 7. juli 2015

Kvar tysdag blir det servert potetball på Todalshytta. Dagens ball smaka riktig så godt, og det var både rikeleg og godt tilbehør! Gjestene kosa seg med god mat, og i tillegg vart det triveleg prat og sjølvsagt litt diskusjon.

IMG_5766

Tre karar som kosa seg med god mat og triveleg prat.Frå venstre Hans Gundersen, Jon Bruset og Terje Nordvik. Foto: D.J.H.

IMG_5776

Emil og Ståle Ansnes nyt maten. Foto:D.J.H.

Eric Malling stod for serveringa, medan Jan Larsen var ny assistent på kjøkkenet. Han er flink til å lage mat, og han kombinerer matlaging å Todalshytta med litt fiske i elva.

IMG_5764

Eric Malling serverer Terje N. Foto: D.J.H.

IMG_5767

Jan Larsen frå Kongsviner er ny mann på kjøkkenet. Foto: D.J.H.

Ein familie frå Heimdal stakk og innom, dei ferierer for tida ute i Årnestrøinn. I styggeveret tok dei seg ein todalstur medan dei ventar på badever.

IMG_5774

Denne «storfamilien» frå Heimdal stakk innom Todalshytta. Fremst Einar og KirstenTesaker. Bak frå venstre: Karen Kvikkstad, Johanne Bakken Moe, Guro Tesaker, Ingeborg Pukstad. Foto: D.J.H.

 

Publisert: 7. juli 2015, 18:41