Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tusen takk!

Tusen takk!

Elinor Bolme Sundag 28. november 2010

Redaktørane her på www.todalen.no vil med dette takke for den gjeve utmerkinga vi fekk i går kveld. Vi vart då beæra med Den gyldne patron under Hjortfesta. Det var veldig triveleg, og ikkje minst inspirerande for det vidare arbeidet med sida. Ei side som har vorte til betyding for mange, og då overraskande mange utafor Todalen. Vi fikk seinast forrige veke ein epost frå Tromsø med positive tilbakemeldingar om at sida er flittig bruka, kvar einaste dag, for å halde seg oppdatert om det som foregår i heimbygda.

Vi prøver så godt vi kan å skriva om det som foregår rundt oss, men av og til kan det vera saker som ikkje kjem med. Derfor er det supert når vi får bidrag frå dykk brukararane. Både til dagens bilete eller andre aktuelle saker. Og det håpar vi at de fortsett med, slik at mangfaldet blir størst mulig.

Derfor nok ein gong; mange takk for utmerkelsen og mange positive tilbakemeldingar!

Helsing redaktørane.

Publisert: 28. november 2010, 13:49