Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Turtips  –  Rambjøra

Turtips – Rambjøra

Jon Olav Ørsal Sundag 25. juli 2010

På Rambjøra er det kjempefin utsikt både utover «fysnin» og innover Todalen og Trollheimen. Du kan starte ved Inneråa og følgje traktorvegen oppover Halsetlia, og vidare etter sti opp Litjfjellet til Vassnebbvatnet. Vidare opp til skaret mellom Vassnebba og Rambjøra og følge ryggen utover til toppen på Rambjøra.

Eit anna alternativ er å starte i frå lunningsplassen i Hyllnesbukta og følge seterstien opp til Ansnessetra og vidare oppover til Rambjøra. På Ansnessetra er det fin utsikt  mot Nordvik og vidare utover Stangvikfjorden, og denne turen kan være eit fint turmål i seg sjølv.

Først publisert: 25. juli 2010, 06:00 - Sist oppdatert: 23. juli 2010, 11:48