Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Turtips  –  Nauståfossen  ved  Kårvatn

Turtips – Nauståfossen ved Kårvatn

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. juli 2010

Eit besøk til Nauståfossen er eit tips for ein fin dagstur. Bilveg fram til Kårvatn der det er stor parkeringsplass med gratis parkering og ein halvtimes fottur etter veg og sti fram til Nauståfossen. Hugs å ta med litt solide sko, f.eks. fjellsko eller solide joggesko. På Kårvatn kan du også besøke den nye butikken på låven. Kårvatn Fjellutstyr er verd eit syn i seg sjølv, men du kan også få kjøpt mange slags sportsutstyr der.

Med Kårvatn som utgangspunkt kan du også ta turen til Naustådalen, Neådalen eller innover Gammelseterdalen dersom du vil ha større utfordringar. Eller du kan parkere på Innerdalsmerket og følge den merka ruta opp til Bjøråskaret. Den turen tar 3-5 timer, alt etter kor fort du går og kor mange pausar du tek. Frå Bjøråskaret har du ein fantastisk fin utsikt til Innerdalen og innerdalsfjella.
Nedafor finn du eit lite bildegalleri frå turen til Nauståfossen.

Først publisert: 21. juli 2010, 06:00 - Sist oppdatert: 20. juli 2010, 21:11