Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tur til verdens beste butikk – Matkroken i Todalen

Tur til verdens beste butikk – Matkroken i Todalen

Jon Olav Ørsal Fredag 8. november 2013

Matkroken L.Hals har «Handle heime»-aksjon denne veka. I det høvet har 1.-4. klasse ved Todalen oppvekstsenter teke turen for å sjå på butikken. Etterpå har dei sendt oss mange bilder og litt tekst som e-post:  Dei skriv: » I dag fòr vi til butikken for å vise at vi er glad i butikken vår. Butikken heiter Matkroken. Vi tok med teikningar. Vi gav teikningane til Terje. Vi fekk smultringar og brus. 1. og 2. klassen teikna frukt og grønsaker som låg i hyllene. 3. og 4. klassen fann prisane på brød, smør og pålegg. Vi tok bilete saman med butikksjef Terje og kassadama Marit. Vi er glad i butikken fordi:

  –   hadde det ikkje vore butikk hadde det ikkje vore mat å få kjøpt
 –   hadde det ikkje vore butikk, måtte vi ha kjørt til Surnadal
 –   vi kan kjøpe gåver der
 –   vi kan kjøpe brød der
–   vi kan kjøpe godteri der
 –   vi kan kjøpe pålegg der
 –   vi kan kjøpe grønsaker der
–   vi kan kjøpe is der
–   Vi kan møtes der
–   Vi kan kjøpe kaffe og brus og sitte i kaffekroken eller ute på benkane
Helsing 1. -4 klasse

Her kjem bildegalleri frå besøket på Matkroken i dag.   Alle foto: Britt og Solvår

Publisert: 8. november 2013, 17:56