Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tur til Valsøyfjord

Dordi Jorunn Halle Måndag 28. mai 2018

Oppdatert

Leiaren i Todalen historielag minner om at fristen for å melde seg på turen til Valsøyfjord er 1. juni. Det er framleis nokre få ledige plassar i bussen. Påmelding til Marit Haugen eller John Moe.

Stangvik historielag og Todalen historielag inviterer til busstur 9. juni. I fjor gjekk turen til Oppdal – i år går turen til nabokommunen vår Halsa, nærare bestemt Valsøyfjord. Her er det mykje av historisk interesse både å sjå og høyre. Bjørn Fjærli blir med som guide – han er lokalkjent i området.

Opplegget blir slik:

TUR TIL VALSØYFJORD

Laurdag 9. juni arrangerer Stangvik historielag og Todalen historielag medlemstur til Valsøyfjorden.

Bussen går frå butikken i Todalen kl. 08:30 og tek med dei påmelde. Dei frå Stangvik / Kvanne møter opp på Hauahylla.(Vegkrysset inn til Todalen)

Det blir og ein stopp ved parkeringsplassen nedom Øye kyrkje kl.09.00

Valsøyfjordingen Bjørn Fjærli møter oss på Otnes og blir med som kjentmann heile dagen.

Program:

  • Otnesbryggja. Omvisning og enkel servering, kaffe / te og noko å bite i
  • Anne Karin Elstad-senteret
  • Enge. Litt om industrihistoria.
  • Kl. 13.00 et vi middag på Valsøya. Saltakjøtt m/ kålrabistappe, desssert og kaffe.
  • Etter middagen går turen til tønnefabrikken i Fjærlia og vidare til Valsøybotn.

Turpris (alt inklusivt) kr. 300,- pr. medlem.

Påmelding før 1.juni til:

Marit Haugen tlf. 480 49 218

John Moe tlf. 920 48 856

Det blir «først til mølla-prinsippet», til vi får full buss

Stangvik historielag

Todalen historielag

Ved Valsøytunet. Foto: Jon O Ø

 

 

 

Publisert: 28. mai 2018, 23:15