Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tur til utpost i gamle Stangvik

Tur til utpost i gamle Stangvik

Jon Olav Ørsal Måndag 10. mai 2010

Jon Bruset har vore på tur til Trodalen som var ein del av gamle Stangvik kommune. Trodalen ligg mellom Flesa og Bøkleppen, og på kartet er både Flesa, Trodalen og Bøkleppen merka med rødt.  Jon Bruset skriv:

Tur til utpostar i gamle Stangvik kommune. Alt dette er tidlegare Stangvik- land. Mellom Flessen og Bøkleppen ligg dei forlengst nedlagte bruka Trodalen og Grava. Trodalen vart fråflytta i 1952 og Grava i 1957. Bøkleppen fekk vegutløysing frå Bølandet, og er i full drift fortsatt. Alle tre bruka hadde skulevegen til skulen på Flessen. Ein lang skuleveg i veglaust terreng, heilt utenkeleg for dagens skulevesen. Dette var også i tidlegare tider retteleg «bjønnamark».

Nedafor finn du bileta frå turen.   Alle foto: Jon Bruset

Publisert: 10. mai 2010, 06:25