Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Blir du med tur til Torjulvågen og Frei?

Dordi Jorunn Halle Måndag 27. mai 2019

SJÅ HER! Historielaga minner om at fristen for å melde seg på årets busstur til Torjulvågen og Frei no nærmar seg. Påmelding må skje før 1. juni til

Marit Haugen, telefon 480 49 218 eller

John Moe, telefon 920 48 856

Her kan du lese om turen, dette ser ut til å bli ein interessant dag:

Stangvik historielag og Todalen historielag arrangerer tur til Torjulvågen og Frei laurdag 15. juni. I Torjulvågen blir det besøk til Torjulvågen sagbruk og Tingvollost. På Frei går turen innom Rensvik der Rena Bruk heldt til, Knudtzonlunden, Rastarkalv og Endreset Besøksgård.

Slik blir dagen:

Det blir «storbuss» frå Fram med sjåfør Øystein Moe.

08.15 Bussen startar frå Halsbutikken i Todalen.

09.00 Ferje frå Kvanne

Det blir høve til påstigning undervegs: Nordvik, Haugakrysset, Melhuskrysset, Pestutrøa, ved ferjekaia på Kvanne og Rykkjem, Ålvundfossen. Det er fint om dei som melder seg på, samtidig seier frå om kvar dei vil gå om bord i bussen.

På bussen mellom Fossheim og Torjulvågen, som blir første stopp, vil Lars Gudmund Røen fortelje om grunderen og industrileiaren Ingebrigt A. Grimsmo.

10.00 Torjulvågen. Torjulvågen sagbruk som I. A. Grimsmo og P. O. Holten etablerte i 1887 og som dei flytta til Rensvik på Frei i 1896. Rena bruk vart da etablert og fekk ei betydeleg rolle for utviklinga på Rensvik og Frei.

Tingvollost – Gunnar Waagen vil orientere. Det blir høve til å kjøpe ost. Før avreise frå Torjulvågen tek vi ein liten kaffipause og nyt medbragt.

11.45 Rensvik med Kronull stålullfabrikk ligg der Rena Bruk heldt til. Herifrå vil Egil Djupvik frå Freiøya Historielag følgje oss vidare på turen om Kvalvåg til Flatsetsundet.

13.15 Middag på Endreset Besøksgård i Flatsetsundet; gryterett og kaffi.

14.00 Knudtzonlunden og Rastarkalv er siste post på programmet.

16.00 Fjordkroa, Aspøya. Om det passar med ferga, tek vi ein rast her.

16.45 Eventuelt avreise frå Fjordkroa for å ta ferge frå Røkkum kl. 17.45.

Pris: kr 450 for medlemmer og kr 550 for ikkje-medlemmer. Prisen dekkjer middag, buss og ferje.

Betaling på bussen, helst med kontantar, alternativt få utdelt bankgiro.

Påmelding før 1. juni til:

Marit Haugen, telefon 480 49 218

John Moe, telefon 920 48 856

Først til mølla til bussen er full!

Stangvik historielag og Todalen historielag.

Bautasteinar på Freidarberg til minne om slaget på Rastarkalv i 955. Fotoeigar  Freiøya historielag.

Lars Gudmund Røen fortel:

Peder O. Holten var fødd på husmannsplassen Plassen under Holten i Østbødalen i 1859 som den eldste av 4 søsken. Broren Ola vart gift med Gurå Gjerstad, Utigard Gjerstad, Knollen. Ingebrigt A. Grimsmo var fødd i 1840 og voks opp på plassen Vasskroken under Grimsmo. Far hans var frå Ellevsetøya. Mykje av evnene som grunder og sansen for forretning ervde han etter far sin. Vi skal følgje spora etter desse husmannssønene med røter frå Eidet.

Fotoeigar: Lars Gudmund Røen.

Fotoeigar: Lars Gudmund Røen.

 

 

 

 

Publisert: 27. mai 2019, 21:00