Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tur til Storslettet fellesbeite

Tur til Storslettet fellesbeite

Jon Olav Ørsal Fredag 16. september 2011

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag la torsdag 15. september turen til Fellesbeita i Surnadal. 38 mm regn på onsdag og 32 mm om torsdag gav ikkje dei største forventningane til ein vellukka stavgang-tur. Men der tok vi feil!  21 vart med på turen, og det var på det næraste opphaldsver på både oppovertur og nedovertur.  Målet for turen var den romslege hytta brukt av røktarane i Fellesbeita. Gunnhild Mogstad hadde drege opp i førevegen og fyra opp i omnen, og det var godt og varmt da resten omsider kom etter.

Tor Mogstad kunne fortelja at planlegginga av Fellesbeita tok til i 1974, og 1. mars 1975 starta arbeidet med oppdyrkinga av det 350 mål store Storslettet: Rydding av skog, hogging av tømmer, grøfting og steinplukking. Sankthanskvelden 1975 vart kvistbålet tent, som teikn på at ryddinga var ferdig og grøfting og dyrking stod for tur. Om ikkje lenge var det 50 mål store A-feltet ferdig dyrka og tilsådd.

Eit par år seinare var også B-feltet ferdig tilsådd. Men akk! På 2 timar kom 75 mm regn. Grasfrø og matjord flaut vekk, og drensrører vart førte nedover grøftene og vart liggjande som kveilar i grøftendane. Men dei 7 ivrige mjølkeprodusentane gav ikkje opp, og i 1979 var oppdyrkinga av heile Storslettet fellesbeite ferdig. Prislappen for arbeidet kom på 2 – 2,5 mill. kroner, og av dette måtte deltakarane i prosjektet dekkja ca. 1 mill.  Fellesbeita gjev plass til 120 kyr, men til vanleg er 90 – 100 kyr der om somrane.

Neste veke går turen til Honnstadvatnet.

Bilder frå turen til Storslettet fellesbeite.  Alle foto Vidar Sogge

Først publisert: 16. september 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 15. september 2011, 22:15