Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Langfredagstur til Snøfjellet (1330 m.o.h)

Langfredagstur til Snøfjellet (1330 m.o.h)

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. mars 2013

Langfredag nytta Ola G. Kvendset og eit par kompisar den fine dagen til ein tur til Snøfjellet. med start frå innerdalsmerket bart det til fjells via Klevhauan, Talgøsetra, Tristeinan og til Midtryggjen. Derfra forsette dei via kavin og opp ryggen til fremre toppen av Snøfjellet (1130 m.o.h). Turen gikk på ski fram til siste oppstigninga til toppen der dei bruka stegjarn for å vvære på den sikre sia.

På toppen var det nerast vindstille, og det var ein utruleg flott utsikt i den klåre lufta. Turen ned igjen var fort unnagjort, og det var utruleg fine forhold for den som berre tør å sette utfor.

Det er framleis litt skredfare i fjellet, og varselt for trollheimen dei siste dagane og laurdag har vore moderat fare, men det er meldt nedbør dei neste dagane og varselet for 1. påskedag er oppgradert til betydeleg skredfare. Den enkelte må derfor vurdere nøye kva farar ein utsetter seg for når ein er ute på tur.

Publisert: 30. mars 2013, 14:20