Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tur  til  Mausetsetrene.

Tur til Mausetsetrene.

Vidar Sogge Laurdag 7. september 2013

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag var torsdag 5. september på tur til Mausetsetrene. Vi møttest på Holtamoå, og køyrde samla til Rabbañ. Herifrå losa Grete Mauset oss sikkert til dei to Mausetsetrene. Grete fortalde at Mausetsetrene truleg har vore i drift i fleire hundre år, men tok slutt i 1935. Austistua på Mauset tok opp att setringa i åra 1943 – 1946, men da var det slutt.

På nedturen ville dei fleste gå ned til Bankaren, medan nokre få gjekk same vegen ned som opp. Mange takk til dei på Mauset, som let oss få stikka oppom setrene deira, og til Grete for framifrå guiding. Neste torsdag møtest vi ved Bonhuset i Stangvika og køyrer opp til Grantrøinn.

Bilder frå turen til mausetsetrene.  Alle foto: Vidar Sogge

Publisert: 7. september 2013, 05:33