Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tur til Kvennhjulfjellet (1127 m.o.h.)

Tur til Kvennhjulfjellet (1127 m.o.h.)

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. juli 2011
 Jon Bruset har vore ute på ny fjelltur. Denne gonge gikk turen til Kvennjulfjellet med start frå Kårvatn. I ein e-post til Todalen.no skriv han: «I dag gjekk turen til Kvennhjulfjellet. Gjekk opp frå høgste punktet på stien som går over skaret frå Naustådalen til Neådalen. Ein forholdsvis bratt og tung tur, men det er enda mange saustigar å gå etter i dette området etter saudrifta som var.
 Fint høgfjellsterreng og god utsikt, så turen anbefales. Gå gjerne opp etter den gode og delvis merka stien på høgre side av Nauståfossen. Om elva ikkje er for stor kan ein gå tilbake om trimposten på Naustådalsetra.»
 
Nedafor finn du eit bildegalleri fra turen til Kvennhjulfjellet.  Alle foto: Jon Bruset
 
Publisert: 19. juli 2011, 21:00