Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Dro  på  helgatur  til  austerled

Dro på helgatur til austerled

Jon Olav Ørsal i Polen Måndag 3. september 2012

Sist helg tok eit trettital av dei tilsette på Talgø langhelg og dro på tur til Polen, eller nærare bestemt til Gdansk og omeng. Turen var ei blanding av fagleg studietur og av meir avslappa helgetur med litt kultur på programmet. Torsdag morgan var det avreise med Stenbergsbussreiser til Værnes lufthamn for eit par timars flytur til Gdansk og Lech Walesa Airport. Godt påvendt nordvesten som vi er, vart det eit merkbart klimaskifte da vi kom til Gdansk og fekk oppleve sommarvêret som vi har sakna i heile sommar.

Vel framme på lufthamna i Gdansk vart vi møtt av vår kontaktmann i Polen som skulle være med oss som kjentmann og guide, og ikkje minst være tolk. Ein turistbuss var hyra inn for å frakte oss rundt dit vi hadde behov, og på programmet hadde vi nokre fabrikkbesøk som den faglege delen av turen.  Ankomstdagen var det besøk i Szymbark Park, der vi mellom anna fekk sjå verdens lengste langbord på heile 36,83 meter og «opp/ned-huset» som er verdenskjent og elles mykje info om historie og kultur, før turen gikk vidare til Hotel Gramburg i Zblewo nokre mil sør for Gdansk der vi var innlosjert dei neste to døgna.

Fredagen var sett av til fabrikkbesøk hos fleire møbelfabrikkar som har tilhald i same området. Der fikk vi oppleve at det kan være stor forskjell på det nivået i treindustrien, og vi fekk sjå både moderne fabrikkar og fabrikkar som meir minte oss om tida på gammelfabrikken på 50- og 60-talet. Men interessant var det likevel og mange fikk seg nok ei lita aha-oppleving.

Laurdag var det kultur og historie på programmet, og dagen starta med besøk på Malbork som er verdens største festning. Den har ei lang historie som vi ikkje skal gi oss ut på her, men store deler av slottet vart øydelagt under 2. verdskrig. Det er no omsider på det neraste ferdig renovert, mellom anna ved økonomisk hjelp frå Norge. Etter eit par timar med omvisning i festninga og museet var vi klare for Gdansk, der det var mulegheit for både shopping og meir avslappa besøk i den gamle bydelen.

Søndag gikk turen heimover igjen, og etter avskjed med polske venner på flyplassen sette vi kursen nordover igjen til Værnes. Den gode stemninga i reisefølgjet vart nok litt dempa da vi vart møtt av nordvest og regn da vi kom ut av flyet, og vi etterpå oppdaga at bagasjen til fleirtalet av oss stod att på flyplassen i Gdansk. Men bagasjen kjem nok etter til Todalen ein vakker dag. Vi hadde iallfall ein kjempefin og triveleg Polen-tur i lag!

Bildeglimt frå langhelgturen til Gdansk og området i kring.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 3. september 2012, 23:06