Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tungt løft hos Råssåfoss kraftverk

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. april 2018

I dag vart det gjort eit skikkeleg løft på Kvennset, da turbinene til Råssåfoss kraftverk vart løfta på plass igjen.  Det er no 4 månader sia dei fekk feil på turbinen, og dermed driftsstans.  Straks føre jul vart turbinen demontert og løfta ut, for å sendast til Tyskland på reparasjon.

Det var stor spenning om den gikk inn gjennom holet i veggen. Men når det vart tappa ut luft gikk det bra. Foto: Jon Olav Ørsal

No er turbinen vikla opp att på nytt, og i dag pågår det altså montering av turbinen i kraftstasjonen ved utløpet av Husbekken utafor Todalshaugen. For den som hugsar godt så vart Råssåfoss kraftverk bygd i 2010 så turbinen har altså gått i 7 år. Sjølve turbinen veg ca 23.000 kg, så det måtte ein skikkeleg kranbil til for å løfte og få den inn i stasjonsbygninga – der taljene til kraftverket kan ta over. For å få turbinen inn måtte veggen demonterast og lufttrykket reduserast på svanehalshengaren, slik at det vart ei lita klaring.

Kraftige taljer løfta turbinen på plass i stasjonsbygninga, Foto: Jon Olav Ørsal

Ein kan kanskje tru at 4 månaders driftsstans gir eit stort driftstap, men det er ikkje tilfelle. Det var eit par dagar i jula, men sidan er det berre den siste veka at det har vore noko vatn å snakke om ved inntaket til kraftstasjonen. men no gjeld det å få turbinen på plass og at det blir gjort klar til å ta i mot vårløysinga i Kvennsetdalen og i Sula. 

Rå makt må til for å løfte 23 tonn. Foto: Jon Olav Ørsal

Klart for å starte operasjonen med å få turbinen inn i stasjonsbygninga. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. april 2018, 14:47