Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I kveld: Trubaduren Bård Engh med konsert på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. august 2017

Onsdag kveld 2. august fortsett kultursommaren på Todalshytta.  Bård Engh er ein allsidig trubadur frå Kongsvingertraktene som trives på scena med gitaren sin, og er rik på erfaring i fleire sjangre. Onsdag 2. august kl 20.00 mønstrer Bård Engh utescena på Todalshytta.

Engh er i Trøndelag, og gler seg til å stikke innom Todalen på onsdag.  Den glade trubaduren vil by på litt av kvart av kvart frå scena på Todalshytta – vi kan berre nemne irske folketoner, Bellmann, Vreeswijk, Lundell, Beatles, Creedence for å nemne noko og sjølvsagt har han eigne produksjoner i kolleksjonen. Til dagleg er Bård Engh journalist i Glåmdalen, men han har etter kvart fått ei rik erfaring som trubadur.  Billetter selges ved inngangen – billettpris kr 100.  Dersom det blir dårleg vêr blir konserten flytta til peisestua på Todalshytta. 

Terje Kristiansen er dreng på Todalshytta i sommer – men gitaren har han med. Onsdag kveld vil han være med og kaste glans over konserten til Bård Engh.  Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Med seg på laget får han også Terje Kristiansen.  – Terje har 50 års erfaring med gitaren, og kan skilte med at han har vore musiker til mellom anna Trond Granlund og Stein Ove Berg. I periodar har musikken vore levebrødet og Terje har vore profesjonell musiker.  Denne sommaren har han vore dreng på Todalshytta, og akkurat no er det renovering av peisen i peisestua som står på programmet.  Terje Kristiansen spelte inn si første plate saman med Trond Granlund i 1975 – onsdag kveld får vi høre at han framleis kan å trektere gitaren. 

Publisert: 2. august 2017, 02:00