Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tropenatta er eit faktum

Jon Olav Ørsal Sundag 29. juli 2018

I natt har gradestokken på heimebane registrert årets første tropenatt.  Minimumstemperaturen i løpet av natta er registrert på 23,0 grader, og meir eller mindre heile natta har det vore fin og god fønvind og faktisk temperatur til å sitte ute. 

Det har vore ein tørr og varm sommar så langt, men det er altså første tropenatta hittil i år.  Vanlegvis brukar det ikkje å være så mange tropenetter her på traktene, og heller slett ikkje kvart år.  etter meldingane vil temperaturen fall litt utover dagen, men alt til natta er det muleg at det blir ei ny tropenatt?

Publisert: 29. juli 2018, 08:35