Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

TrondheimSolistene spelar Sommerro i kulturhuset

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. januar 2019

Det er berre å ringe rundt 11. januar i kalenderen og skrive «NB! Nyttårskonserten kl. 1900» inni sirkelen. Det har vore full sal på dei årlege nyttårskonsertane med TrondheimSolistene i Surnadal kulturhus. – Denne gongen blir sikkert ikkje noko unnatak, også av di at TrondheimSolistene har ein «lokal» komposisjon av Henning Sommerro på speleplana.

«Lokal» er sett i hermeteikn, for «Chrysillis» er eit vidtfarande musikalsk stykke som følger salmediktaren Thomas Kingo si «reise» frå Skottland, via Danmark og til Sunndalen. Kingo tok nemleg over stillinga til ein avdød dansk prest, og med på lasset følgde presteenka. Det var Cille Blankenborg, prestedatter fødd i Sunndalen, og Kingo vart meir enn overvettes begeistra for enka. Han skreiv difor det storslagne kjærleiksdiktet «Chrysillis» til ho, men deira stund saman vart ikkje så lang – Kingo vart enkemann berre året etter. Samlivet varte likevel lenge nok til at Kingo fekk høre om, og vart bergteken av, den mektige sunndalsnaturen (jf. teksta i salma «Nu rinner solen opp»). Henning Sommerro sitt stykke vandrar innom både skotsk, dansk og norsk musikk med innlagte stopp for improvisasjonar i reiseruta.

Chris Stout og Catriona McKay

Henning Sommerro skreiv «Chrysillis» til Catriona McKay (skotsk harpe) og Chris Stout (shetlandsfele), og dei to skotske musikarane vil spele med på konserten i Surnadal. Desse to er likevel ikkje dei einaste gjestemusikarane. – Den svenske fiolinisten Cecilia Zilliacus er også med, og det vil også bli spelt komposisjonar av m.a. Sibelius, Britten og Järnefelt på konserten.

Først publisert: 5. januar 2019, 05:00 - Sist oppdatert: 4. januar 2019, 23:27