Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trollheimsmarsjen: – drømmetur over fjellet!

Jon Olav Ørsal/Driva Sundag 31. august 2014

Deltakarane på Trollheimsmarsjen 2015 hadde ein drømmetur over fjellet. Turen over fjellet er stipulert til 5 timars turistmarsj, men det var mange som bruka mykje lengre tid – rett og slett for å nyte den fine dagen i langdrag, når dei forst hadde sjansen.  117 personer deltok i årets arrangement,  og det er betydeleg fleire enn sist, – men berre vel halvparten av deltakartalet frå jubileumsåret 2008, da heile 231 var med.

Dei første starta presis kl 9.30 frå Bordholmen, og utover til kl 11 var det ein jamn straum av turfolk frå Bordholmen stadion og oppover lia til Ørsalsetra, som nok var den tyngste biten for mange. Men i det fine været, med sol fra blå himmel og mellom 15 og 20 varmegrader, gikk det an å ta lange pausar for å ta seg inn i gjen. Frå Ørsalsetra til Vardan er det framleis litt stigning, men den flata etter kvart ut og folk kunne kose seg og nyte turen vidare over fjellet.

På turen over fjellet var det også innlagt quizkonkurranse med med spørsmål frå lokalmiljøet. Dette engasjerte mange, og det vart lagt for dagen ein stor kunnskap blant deltakarane. vinnarane var ikkje avklara da vi dro frå Leikvoll søndag ettermiddagen, men det var fleire som hadde fullt hus og at det måtte loddtrekkjing til for å kåre vinnarane.

Det var nok mange som tok seg tid til lang pause på vardan, før nestiginga starta – først ned mot Kjerringvatnet og så vidare ned Børsetlia og til målgang på Likkvoll stadion på Ålvundeid, der arrangøren tok i mot med premiering og muligheter for energipåfyll i form av sodd eller kaffe og nystekte vaflar i fritt valg. Premie vart det forresten til alle, som fekk T-skjorte eller buff etter ønske – i tillegg til pins for 1., 3.- og 5. gongs deltaking. Det var i år eit 10-tals deltakarar som var kvalifisert for 5-årspins og som hadde delteke på alle 5 marsjane som har vore arrangert sia 2008. Trollheimsmarsjen har vore avlyst 2 gonger på grunn av dårleg vêr – seinast i 2013.

Fire heldig vinnarar fekk gåvekort frå arrangøren – trekt ut på sine startnummere. Det var 2 x kr 500 og 2 x kr 250, og dei som var heldige og vart trekt ut var Oddbjørn Sponaas, Rolf Talgø, Reidun Blindheim og Lilly Gunn Nyheim (påtroppande ordførar i Surnadal frå måndag).

Vi har lagt ut eit stort bildegalleri – mest bilder av deltakarane. Vi har også mange flotte landskapsbilder, men dei får vi vente med i første omgang.   Tre fotografar har vore i aksjon med kamera under Trollheimsmarsjen:  Jon Bruset, Tormod Kalseth og Jon Olav Ørsal No med oppdatert med bildetekster!

 

 

Først publisert: 31. august 2014, 22:15 - Sist oppdatert: 2. september 2014, 18:24