Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trollheimsmarsjen – 46 fikk seg ein kjempefin tur

Jon Olav Ørsal Sundag 8. september 2019

Dei som pakka sekken og stakk til fjells for å delta i årets Trollheimsmarsj fikk seg ein kjempefin dag på turen over Vardan frå Ålvundeid til Todalen. Sjølv om interessen for Trollheimsmarsjen har dala dei siste åra, så fekk iallfall dei som deltok på dagens tur over fjellet ein kjempefin tur i strålande vêr. 

På bordholmen kunne Todalen i.L. byg på nystekte bakels med graut eller sodd – alt etter smak og behag. Foto: Jon Olav Ørsal

Jubileumsåret var det over 300 deltakarar, men da hadde sjølvsagt marsjen eit stort engasjement da både I.L. Ulvungen og Todalen I.L. feira 100-årsjubileum og hadde marsjen som ein av jubileumsaktivitetane. No spøker det for arrangementet, men dei to idrettslaga skal evaluere årets arrangement før dei tek noko avgjerd. 

Uttrekt og premiert – Johnny Almberg fikk den nyutgjevne Hyldbakkboka som premie – «Haustferd på nordmøre 1934» her saman med kona Sissel Almberg etter målgang. Foto: Jon Olav Ørsal

Årets arrangement er det tiende i rekkja som er gjennomført – to gong har marsjen vore avlyst på grunn av vêrforholda. Av dagens deltakarar er det berre Ingrid Nordvik som har delteke på alle dei ti Trollheimsmarsjane. Ho fekk tiårsmerket og eit gavekort som markering for innsatsen.  For dei øvrige deltakarane vart det trekt ut gåvepremiar som vart det ut ved målgang på Bordholmen. 

Ved målgang venta ei overrasking til Ingrid Nordvik som er den einaste som har deltake på alle dei 10 marsjane. 10-årsmerke og gavesjekk var overlevert av Anita Talgø i TIL. Foto: Jon Olav Ørsal

Under turen over fjellet hadde Todalen.no ein fotopost på Ørsalsetra, der Dordi Jorun fanga opp mange av deltakarane.  Vi har laga eit fotogalleri frå marsjen – klikk deg inn og sjå om du treffer kjentfolk?   Foto: Dordi Jorunn Halle.

Publisert: 8. september 2019, 16:34