Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trollheimsløp med stor deltaking

Jon Olav Ørsal Måndag 10. juni 2019

Med 91 startande i Trollheimsløpet er vi tilbake til 80-talets storhetstid for løpsarrangement. På dagens Trollheimsløp var det 3 alternativ løyper, med 1 km for 11-14 år, 3 km for 15-18 år og 6 km løype for juniorar og seniorar.  På den kortaste løypa fekk 13-åringen Abel Sæterbø Raaen beste tid med 3,57, medan 15-åringen Lars Svorkdal fekk bestetid på 3 km løypa med 10,24.  På 6 km løypa vart Kristian Woldvik best på 20.01. I dameklassen satte Hanne Mjøen Maridal ny løyperekord for damer med 22,04.

På 1km-løypa var det 30 startande under årets Trollheimsløp. Foto: Jon Olav Ørsal

Med 91 på startstreken er det langt over fjorårstalet tal og speaker/eldsjel Tor Jarle Bolme fikk for første gong som løpsarrangør oppleve at det var for lite premiar. Men dei som ikkje fekk premie i dag får ettersendt og egentlig er det da eit positivt problem, uttrykte han.

Det var lite kjentfolk på startlistene, men vi fann da Erik Kårvatn som i år deltek for Rindal I.L. i klasse 15-16 år. Han kom inn på tida 11.05 som er 3.-plass og egentlig ein god prestasjon. Enno ein deltakar med todalsaner er Isak Drøpping som deltek i klasse G12 og endte opp med ein 3.-plass.

Fra Rindal ILs heimeside kan du laste ned resultatlister

Isak Drøpping er gut med todalsaner – han løp inn til 3.-plass i sin klasse – G12. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var Trollbanen i Rindal sentrum som var arena for det tradisjonsrike Trollheimsløpet. Foto: Jon Olav Ørsal

Tor Jarle Bolme og Håkon Solvik hadde god kontroll på arrangementet saman med sine hjelparar. Foto: Jon Olav Ørsal

Junior og seniorklassen rett etter starten. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 10. juni 2019, 16:56